Det fyrste viktige årsmøte som skipast er i Sameiga Bømoløypa (sjå venstremeny for meir info) kor Viljar er 1/4 meideigar i. Dette møtet vert onsdag 30. mai kl. 19.00 i Klubbhuset vårt. Velkomen til eit å seia di meining på eit meget aktuelt møte i høve framtida, kommunen si haldning og satsningsområdar framover for Bømoløypa!

Det andre viktige årsmøtet er generalforsamling i Voss ski- og tursenter torsdag 7. juni kl. 19.00 i det flotte Arenahuset der oppe. Velkomen til eit meget interessant møte i høve NM-arenaen 2012 som me i Viljar er med og eig 1/5 av! Her er det mange ting å ta stilling til som nettopp du kanskje kan koma med innspel på!

Sist oppdatert (onsdag 23. mai 2012 22:16)

 

Takk for oppmøtet til dei 86 deltakarane som tok turen inn til solfylte Bømoen dagen før Vossasvint´n 2012. Det meldast frå flinke funksjonærar om godt humør, smil, god innsats, greitt vaffelsal, og godt is-sal. Ikkje gløym: Dess fleire "lodd", dess større sjanse på eit av fem gåvekort (a 500,-) frå MX-Sport Voss på siste Joggekarusell (nr.6) i haust. Med denne har me no eit snitt på 115 deltakarar på dei tre fyrste karusellane, men me håpar og trur at me etter den 6. har auka dette:-)

Det mangla kanskje nokon jenter og damer i dag i sola som skal springa eller gå i morgo, men me håpar de kjem att til hausten, og sjølvsagt på Bømoløpet tysdag 5. juni kl. 18. I fjor hadde me 172 deltakarar på det løpet og det antalet har me tenkt å slå i år! Fantastiske premiar frå lokale Vossa-bedrifter trekt på nummer og gåvekort frå MX-Sport a 750,- til beste dame og herre på 9,2 km. Men det er 1-,3- og 5 km utan tid her som på Joggekarusellen, og 3-,5- samt 9,2 km på tid. Pins til alle og kafe. Sjå venstremeny for meir info om løpet.

Vil du sjå tida di på Joggekarusell 3 kan du gå her.  Takk for premiar frå MX-Sport Voss og Skigutane AS. NB: Viljar heldt det dei lova og ettertrekte i dag pizza-gåvekort frå Joggekarusell 1 og 2, samt eitt på denne Joggekarusell 3, frå Milano Grill i Uttrågata 23 D (tidlegare Pizzabakeren). Voss Kino gåvekort vart og trekt i dag som kinosjefen kom med:-) Så dei som ikkje tok turen i dag kan angra seg litt no. NB: Gratulerar til deg Jon Aske med dagen og takk for Joggekarusell-innsatsen på sjølvaste bursdagen din:-)

Viljar kjem att med 4. Joggekarusell i august (dato kjem). Hugs Bømoløpet 2012 tysdag 5. juni kl. 18 med påmelding frå 17.20! Velkomen:-D

Sist oppdatert (onsdag 23. mai 2012 21:57)

 

Det forhandlast av fotballeiar og leiar om nye draktar komplett sett til fotballspelarane våre. Ein er i dialog med MX-Sport Voss, Vekselbanken og andre potensielle sponsorar. Målet er å ta ein opprydding slik at draktane vert like i kvalitet og utsjånad til beste for spelarane. Det er altså rett og slett tid for ein "razzia" på dette området no.

Det kjem i tillegg snart nye ballar og nett til trenarane. Desse merkast godt før dei leggjast ut av Fotballgruppa til beste for eit godt og ryddig system for oppmenn og trenarar. Eivind Kvitne i Fotballgruppa er på saka.

PS: Ein ber om at trenarar og oppmenn har god kontakt og kommuniserar jamleg med Fotballgruppa om det er noko. Info om styret for fotballen i Viljar står som kjent på toppmenyen Kontakt-info.

Sist oppdatert (onsdag 23. mai 2012 22:20)

 

I år som i fjor legg me ut lenke til Voss Cup. Den finn du her. Det vert sikkert like kjekt med denne cupen i 2012 som i 2011, og me ser fram i mot også denne cupen med masse fotballglade spelarar i ulike aldre og frå mange ulike lag med god lagånd her på Voss. Lukke til med gjennomføringa til Fotballklubben Voss frå oss i Viljar!

Sist oppdatert (tirsdag 22. mai 2012 21:05)

 

MX-Sport Voss er Viljar sin samarbeidspartnar når det gjeld utstyr/rabatt. Som ein veit frå før og kan lesa på Medlemsfordelar er det slik at klubben får att 5 % av alt me handlar for. Dette går rett i klubbkassa vår. Me får 15 % rabatt på alt i butikken, 10 % på skipakkar, 20 % på skiutstyr og 20 % på Umbro fotballutstyr. Hugs: Sei frå at de er medlemmar! NB: MX-Sport vil gjerne ha tilbakemelding på alt frå kompetanse, vareutval og service. Dette er viktig for samarbeidet og utviklinga av dette over tid!

Sjå her for ein kikk på fotballkolleksjonen frå Umbro. Det er viktig å seia at MX-Sport Voss sjølv trykkjer på vår logo på alt av fotballutstyr, frå sokkar, innom nikkers, windbreakere og til zipgensere. Be om dette! (Her er det blå shorts. Vil ein ha kvit så er det ok. Ofte brukar jo spelarane våre svarte nikkers og). Som sagt før er desse Umbro-kleda eit supplement til våre eksisterande Trimtex klubbdressar som eit fotball-tilbod. Mange spelarar kjøper likavel slikt utstyr, og då er det veldig kjekt med vår eigen logo på :-D Ein kan og få sine eigne initialar eller sit fornamn på t.d. nikkersen mot ein kostnad.

Sist oppdatert (onsdag 23. mai 2012 21:54)