Hovudsponsor

NIF: Null mobbing i idrett!

138 støttarar har me no!

Me er for reine idrottslag

Følg IL Viljar på

Viljar er skuffa, men realistisk til kva kommunen no gjer med dette meget verdifulle området for innbyggjarane i Voss kommune, tilreisande og m.a. idrettslaga! Dette fantastiske området er no ut på det opne markedet...Her står me ved eit vegskille! Eit vegskilje som er det viktigaste spørsmålet for allaktivitetstilbodet og folkehelsa i Voss kommune på lang tid! I verste fall kan Bømoen no "raserast" i sin noverande form. Viljar sit ønskje, i tillegg til å ta ansvar som medeigar i Bømoløypa, er uansett klart:

Me er stadig klare til dialog og samarbeid for å få til ei løysing med byggjeklart areal til skulen i form av grusbana mot at me får aktivtetsområdet vårt inne i 1 kilometeren (utan å sitja att med ei svær "entreprenør"-dugnadspakke). Kommunen har sagt at Palmafossen skal (om)byggjast, få sikker inn- og utkøyring og meir P-plass, og då står vår bane der klar, og veghøva rundt Klubbhuset er der. Viljar har slik eit sterkt ønskje om nytt aktivitetsanlegg nett der Skifte Eigedom som eig, teikna inn hus på forslaget sit! Viljar set her sin lit til at kommunen lagar fornuftige arealplanar, og slepp denne gode løysinga til. Ein mail er no sendt til ordførar Hans Erik Ringkjøb kor me ber om eit dialogmøte i denne saka.

Eit slikt anlegg med fotballbanar av ulike slag på kunstgras, evt. leikeaparatar og t.d. basketballbane ville ha skapt eit gigantisk løft i klubbfotballen vår og aktivitetsnivået vårt generelt! I tillegg ville dette ha løfta sosiale fritidssysler i krinsane våre og slik vore ein positiv møtestad for alle i alle aldre - også på tvers av klubbar sidan Bømoen er eit eldorado av ein møteplass. Det ville i tillegg vore eit enormt løft for aktivitetar og trafikk-tryggleik i skulen, og til slutt ville det sikra oss mot at inngangen til Voss sitt viktigaste nær-aktivitets- og friluftsområde vert fylt med hus! Skulen og FAU er på linje med oss.

PS: Freistande ja, men me har som ein ser ikkje lagt dekke på heimebanen vår. Dette ville ha blokkert utbygging av Palmafossen skule og er lite aktuelt. Men me vil ikkje lenger vera eitt av to lag på Voss som enda ikkje har kunst- eller naturgras! Me ønskjer at born og unge her skal spela på den grøne og flotte "løkka", og at oppvaksande generasjonar der skal vidareutvikla og skapa nye relasjonar. Samstundes som at Voss kommune og elevane får den beste løysinga for ei meget naudsynt rehabilitering av Palmafossen skule!