Hovudsponsor

NIF: Null mobbing i idrett!

138 støttarar har me no!

Me er for reine idrottslag

Følg IL Viljar på

Då er Bømomarsjen anno 2011 sundag 16.oktober over. Me i IL Viljar er ganske nøgde med at 734 menneske tok turen inn i Bømoen for Voss sin kjekkaste familiedag dette året. Strålande sol heile dagen, skogskaffi, Klubbhuskaffi, gratis parkering på idrottsplassen, blide Viljar-funksjonærar, natursti, gode vaflar frå Fotballgruppa og mykje meir er berre gode grunnar til å koma inn til Voss sit flottaste naturområde når det gjeld all-aktivitet.Takk for oppmøtet til ca. 5 % av Voss si befolkning :-D IL Viljar takkar alle funksjonærar for flott innsats! Dette er viktig for oss. Viss noko lurar på fasit til natursti kan de finna denne her.

Eldste deltakar vart i år som mange år før Bjarne Stavenes på snart 93 år. Han og Oddvar Kvammen var start nummer 2 og 1. Meget bra! Yngste deltakar var ein nyfødd gut i familien Ringheim Horvik på 16 dagar (Ein beklagar at det her vart eit feil namn i annonsen for vinnarar i Hordaland). Den som vann fruktokorga frå Kiwi Palmafossen var Frode Horvik. Gratulerar. IL Viljar takkar alle sponsorar for flotte premiar. Oversikt over og takk til desse sponsorane finn de her.