Hovudsponsor

NIF: Null mobbing i idrett!

138 støttarar har me no!

Me er for reine idrottslag

Følg IL Viljar på

1. Joggekarusellen 2013

Dagen er tysdagar! Vi har karausell 14.5. og 28.5 samt 2 på hausten.

Start for dei små og store som ikkje spring eller går på tid er 18.00. Starten for dei som spring på tid vert 18.30. Påmelding startar klokka 17.30 ved bordet utafor Klubbhuset. Pris: kr 30,- pr. person og maks kr 150,- for huslyd. Det vert premiering trekt på startnummer etter tidsløparane kjem i mål. Om veret er dårleg tek ein kaféen i Klubbhuset.

I tillegg til vanlege premiar den siste Joggekarusellen er alle då med å konkurrerar om 5 stk. gåvekort frå MX-Sport Voss. Gåvekorta vert gjeve av vår samarbeidspartnar MX-Sport Voss. Dess fleire gonger du deltek, dess større er sjansen for å vinna!
 _mg_2233

2. Bømoløpet 2013

Det fyrste Bømoløpet vart arrangert i 1981. Bømoløpet 2013 - altså nummer 33 i rekka- tysdag 4. juni.

Distansane var 1 km (ikkje tid der), 3 km, 5 km og 9,2 km. Start for dei små og store som ikkje spring eller går på tid var 18.00. Starten for dei som spring på tid er 18.30. Påmelding starta klokka 17.30 ved Klubbhuset.

Her vart det flotte premiar trekt på startnummer, og i tillegg vert det utdelt gåvekort på til raskaste dame og herre frå MX-Sport Voss.

Prisane er kr 50,- pr. person og maks kr 200,- for huslyd. 

bomolopet 2011
Laughing Vel møtt i Bømoen (:-D)